Hausten 2023 blir det mogleg å ta ein bachelor i vernepleie på deltid frå Universitetet i Agder her i Setesdal. Tilbodet er utvikla i eit samarbeid mellom Universitetet i Agder, Lister Kompetanse, Østre Agder interkommunalt politisk råd og Setesdal interkommunalt politisk råd.
 
Det er eit stort behov i kommunane for kompetent arbeidskraft innan helse, og dette er også ei god moglegheit for innbyggjarane våre til å få seg ei høgare utdanning nær heimstaden.
 
Vernepleiarutdanninga inneheld både eit helsefagleg og eit sosialfagleg perspektiv. Studentane vil få ein allsidig kompetanse som kvalifiserer til arbeid med alle aldersgrupper innan helse-, omsorgs- og velferdstenester.
 
Utdanninga går føre seg på deltid over 4,5 år og er samlings- og nettbasert. I tillegg vil det vera krav om 30 veker praksis. Studentane vil få praksisplass i regionen dei tilhøyrer. Lokalt studiested i vår opptakskrets er Setesdal vgs, avdeling Hornnes.
 
Dei som er busett og har postadresse i desse kommunane kan søkja seg inn på distriktsvennleg vernepleie, opptakskrets Setesdal:  
  • Bygland 
  • Bykle  
  • Evje og Hornnes 
  • Valle  
  • Åseral 
  • Iveland  
  • Samt Hægeland (postnummer 4720 og 4721) og Øvrebø (postnummer 4715) i Vennesla kommune 
Få meir informasjon om studiet på www.uia.no/distriktsvennlig-vernepleie