Har du grunder i magen? Etablerersenteret i Agder IKS tilbyr gratis rådgiving og kompetanseheving.

Rådgiving

Tenkjer du på å etablera eiga verksemd? Nytt deg av rådgivingstenesta til etablerersenteret! Dei kan hjelpa deg i ein tidleg fase og hjelpa deg til å avklara kritiske problemstillingar. Bestill ein rådgivingstime og dei vil ta kontakt med deg. Tenesta er gratis.

Book time med rådgjevar her: https://eva.origin.no/booking

Kurs

Kurstilboda er retta mot alle som planlegg og/eller er i ferd med å etablera ny verksemd. Etablerersenteret held jamlege innføringskurs for gründerar.  Dei tilbyr også kurs i marknadsføring, økonomi, sosiale medier med meir. Alle kurs er gratis! 

Kommande kurs: Kurskalender

Heimeside Evasenteret