Setesdalskonferansen 2024 er over. Det er tid for å takke;
Kvar einast ein som takka ja til å stå på scena - ingen nemt, ingen gløymt.
Konferansier Ole Tom Nomeland – ingen over, ingen ved sidan av. Ferdig snakka.
Eirik, Endre og Dag i https://www.d-3.no/ som med si ekspertise og profesjonalitet løfta hele konferansen til nye høgder (og stundom gav oss glade, men travle amatørar i komitéen sårt tiltrengt kvilepuls).
Parkeringsvaktene som vi ikkje har i regionen vår.
Revsnes Hotell som overgjekk seg sjølv med utsøkt meny frå start til slutt.
Heile komitéen: Anne Klepsland Simonsen, Else Haugland, Gunvor Ljosland, Ørnulf Hasla, Bjørn Erling Auestad, Torbjørn Frøysnes og Geir Erik Tønnessen.
Sponsorane våre Valle Sparebank, Evje og Hornnes Sparebank, Sparebanken Sør og Otra Kraft – dagen hadde ikkje vore den same utan dykk. Ikkje kvelden heller.
Trond Risdal, TrondRisdal Photography som sørga for å forevige god stemning og flotte folk både i sal og på scena.
Kongen sjølv aka Rune Andersen https://www.runeandersen.no/ som hadde med seg eit rikt persongalleri av undersåttar samt ein medbrakt svenske.
Til sist, men ikkje minst; takk til alle dykk som kom; frå by og bygd, bedriftsleiarar og gründerar, politikarar og byråkratar.
Håpar vi sjåast igjen på Setesdalskonferansen 2025
-----Rita, på vegner av Setesdal regionråd-----