– Setesdal har eit stort potensial, og mi viktigaste oppgåve er å vere ein god tilretteleggjar for dei fem medlemskommunane våre. Det er ordførarane som sit med det politiske mandatet og som skal fronte regionen. Mi rolle er å bidra til at dei har det beste grunnlaget, seier Gro-Anita Mykjåland.

Ein ressurs for heile regionen

Styreleiar i Setesdal IPR og ordførar i Åseral, Inger Lise Lund Stulien, er glad for å ha den nye administrative leiinga på plass i Valle.

– Vi er svært nøgde med å få Gro-Anita med på laget. Med hennar bakgrunn får vi ein dagleg leiar som kjenner dei politiske prosessane frå innsida, både regionalt og nasjonalt. Dette vil styrkje sekretariatet og gje oss ordførarar betre kapasitet til å jobbe interessepolitisk for viktige saker som samferdsel, forsvar og næringsutvikling i heile regionen, seier Stulien.

Samarbeid på tvers av kommunegrenser

Mykjåland understrekar at Setesdal IPR skal vere ein samlande aktør for kommunane Bykle, Valle, Bygland, Evje og Hornnes og Åseral.

– For å bli høyrd nasjonalt må Setesdal snakke med éi tydeleg røyst. Eg gler meg til å koordinere samarbeidet slik at vi saman kan skape ei sterk og samlande regional kraft, seier ho.