1 juni 2022 begynte Kathrine Hovet Pentreath i stillinga som rådgjevar i SIPR. Kathrine bur saman med familien på Evje, men røtene hev ho frå Hovet på Rysstad.
Ho starta si jobbkarriere i Setesdal på Valle husflidsentral då ho var 12, før ferda fortsette både til Valle Motel og til det som den gong heit Rysstad Feriesenter. Videre hev ho drive med litt av kvart - vore Hovmeister, servitør, butikksjef mm.
Då ho så heiv seg på vidareutdanning blei det ein Bachelor i Markedsføringsledelse på Handelshøyskolen BI. Så flytta ho og familien frå Oslo til Evje og vegen gjekk etter kvart vidare til NAV. Frå 2014 var ho leder ved NAV Bygland, og avdelingsleiar i vertskommunesamarbeidet NAV Midt-Agder frå januar 2020.

Eg hev trivst godt i NAV, men på ein måte føler eg no at eg hev kome heim, sier Kathrine. " Eg gler meg til å ta fatt på jobben saman med resten av laget i SIPR. Eg er kjempe motivert for å arbeide med og utvikle Setesdals regionen videre, med eit fokus på å møte arbeidsmarknadens behov for kvalifisera arbeidskraft, kompetanseheving og utdanning» 

Kathrine skal i hovudsak jobbe med å vidareutvikle regionen som ein kompetanseregion, som er ein av våre tre strategiar. Du kan lese meir i handlingsplanen vår her: Setesdal IPR Handlingsplan 20222025 vedtatt.pdf Stillinga er nyoppretta, og er resultat av et spleiselag mellom Agder fylkeskommune og Setesdal IPR.

Me er særs nøgde med å få Kathrine på plass!

katrhine roy og rita_380x419.jpg