På nytt vert det tilbod om desentralisert studium i sjukepleie. Oppstart er hausten 2021.

Det er krav om geografisk tilknytnad. For opptak til studiested i region Setesdal betyr det at du må bu i ein av kommunane våre Åseral, Bygland, Bykle, Evje og Hornnes eller Valle. I tillegg til busette i våre kommunar, kan også dei som bur i Iveland søke.

Denne distriktsvenleg utdanninga hjå Universitetet i Agder gjev deg sjansen til å kunne ta ein bachelorgrad i sjukepleie. Setesdal interkommunalt råd (regionrådet) legg til rette for undervisningslokale og møteplassar, samt at me jobbar i lag med kommunane for å finne relevante praksisplassar i regionen.

Praktisk informasjon:

Undervisningsopplegget er det same som på campus. Den teoretiske delen føregår som streama forelesing, gruppearbeid, sjølvstudium og seminar. Det blir lagt opp til ein del gruppesamlingar i distrikta, og det blir også nokre samlingar på campus kor ein trenar på praktiske ferdigheiter som veneflon og stell o.l. 

Lokalt studiested i Setesdal er Setesdal vidaregåande skule, avd. Hornnes.

I samband med praksis kan det bli utgiftar til reise og opphald. Som student i praksis kan du imildertid ha rett på å få dekket utgifter til reise.

Ordinær søknadsfrist er 15. april.

Ved spørsmål om opptak eller andre typar spørsmål kan du ringe til Anne Opsal, koordinator distriktskullet/førsteamanuensis Institutt for helse og sykepleievitenskap, UiA, på tlf 38 14 20 33, eller på e-post anne.opsal@uia.no

Les meir og søk her: https://www.uia.no/studier/sykepleie3

uia-horisontal-med-navn-Positiv.jpg