Meieriet på Byglandsfjord betyr mykje for både bygda og regionen. Der er eit av dei minste meieriene i landet og har halde koken heilt sidan 1953. Her blir det laga alt frå Kviteseidsmør og Setesdalssmør til kryddersmør, gome og laktosefritt smør—det siste var dei faktisk dei første i landet til å produsere. Meieriet handterer godt over ein million liter mjølk i året og har eit lite, men solid fagmiljø. I 2018 fekk dei til og med Bygdeutviklingsprisen frå Innovasjon Norge, noko som seier sitt. 

 

Meieriet kan vise til heile 8758 dagar utan skader med fråvær. Det er imponerande – nesten 24 år med samanhengande skadefritt arbeid. Det er ikkje berre eit tal; det seier mykje om tryggleiken på meieriet, og kor godt arbeidsmiljøet er.

Sjølv om ordførarane er urolege for kva framtida kan bringe, kom det i haust meldingar om at dei store strukturendringane i TINE – blant anna nedlegginga av meieria i Kristiansand og på Sem – ikkje vil påverke meieriet i Setesdal. Den lokale produksjonsleiaren har vore tydeleg på at dei kan halde fram som før, uavhengig av desse endringane. Det gir sjølvsagt eit lite pusterom, men det betyr ikkje at alt er avgjort – den komande smørutgreiinga vil framleis ha mykje å seie. 

 

Ordførarane i Setesdalsregionen vil jobbe for at meieriet skal få ei trygg og stabil framtid. Det handlar ikkje berre om arbeidsplassar, men om lokal verdiskaping, identitet og stolte mattradisjonar som mange i Setesdal set høgt.

 

Du kan lese meir om saka i Fædrelandsvennen si artikkel HER 

 

IMG_7091.jpgIMG_7098.jpgIMG_7099.jpgIMG_7102.jpgIMG_7104.jpgIMG_7106.jpgIMG_7107.jpgIMG_7110.jpgIMG_7113.jpgIMG_7115.jpg