Det er en allsidig produksjon i verksemda, og me fekk sjå hytte, anneks, bordbenk med tak, buss-skur, badestamp og eit moderne langbord – berre for å nemne noko. Hytta vi så, skal snart løftas på lastebil og fraktes til Hønefoss. Knut viste oss teikningane til eit stort hus dei held på å byggje.
Dei har og respekt for det gamle, og tek gjerne på seg restaureringsoppdrag også. Flis leverer dei også, både til hotell og til vedprodusentar.
Då koronaen kom, var det mest så han undra om det blei kroken på døra fortalde Knut, men det viste seg at oppdraga bare strøyma på.
Knut fortel at han har godt med oppdrag. Når me spør korleis kundane finn fram til akkurat hans firma og produkt, fortel han at bestillingar i hovudsak kjem via finn.no og i samband med messer. Han er mykje rundt på messer, og da kjem gjerne oppdraga rett i etterkant. Elles kjem gjerne førespurnadane og bestillingane frå folk som har fått kjennskap til verksemda via folk dei kjenner.
Knut har omlag 20 tilsette. Dei fleste er frå Noreg, men også nokre frå andre land – til dømes to frå Litauen, som har vore hjå han i mange år. Ute i hallen står ein kar som just bestod fagprøven med glans, og elles fortell Knut at opplæringa gjerne er i sjølve verksemda. Her som elles, både regionalt og nasjonalt, er det ikkje enkelt å rekruttere i desse dagar, noko som gjer grunn til uro.
Som arbeidsgjevar er Knut oppteken av lik løn for likt arbeid og at folk skal kunne ha en grei balanse mellom arbeid og fritid i kvardagen – det siste ved at produksjonen som hovudregel er mellom kl 0700 og 1500. Mange set pris på dette fortel Knut. Som konstaterer at sjølv, ja så jobbar han nok alt for mykje.
Det som er av konkurranse, lev han greitt med. Konkurranse er sunt meiner Knut på generell basis; verksemder treng konkurranse elles blir det for «sidrumpa og stilleståande». Og når det trengs, så hjelper me jo kvarandre.
Som alltid når me vitjar verksemder i regionen, vart det også engasjert dialog om både stort og smått. Såpass av fleire nok kom for seint til andre møte. Me fekk mellom anna høyre om korleis han testa konsulenten som var på besøk for å tilby sine rådgjevertenestar – og nei, det gjekk ikkje så bra for konsulenten for å seie det sånn 🙂 Avslutningsvis fekk me også nokre betraktningar kring dei siste aktivitetane og møta som har vore i samband med stavkyrkjeprosjektet.
Stavkyrkjemodellen – som me vel alle har sett i media – var ikkje i lokala denne dagen, så den fekk me ikkje sjå. Det me derimot fekk sjå, var det aller fyrste lafteprosjekt Knut hadde, som han laga då han berre var 10 år gamal.
Me takkar for utruleg gildt og interessant besøk!
Verksemdas heimeside: http://www.rysstad-laftebygg.no/