Setesdal interkommunalt politisk råd (IPR) er eit interkommunalt samarbeid mellom kommunane Evje og Hornnes, Bygland, Valle, Bykle og Åseral. Vi har som formål å utvikle Setesdalsregionen. Vårt hovudmål er levande og inkluderande lokalsamfunn i ein vekst- og berekraftig region. Kontorstaden er Valle.
Vår overordnda oppgåve er å bidra til at Setesdal skal vere ein attraktiv region å bu, å gjeste og å drive næringsverksemd i. Setesdal IPR skal vere initiativtakar til og tilretteleggar for regionalt og interkommunalt samarbeid med mål om ei bærekraftig samfunnsutvikling og langsiktig positiv folketalsutvikling i heile regionen.
Styret i rådet er sett saman av ordførarane i medlemskommunane. Representantskapet er øvste leiing med fem representantar frå kvart kommunestyre.
Vi arbeider i partnarskap med Agder Fylkekommune og søker eit godt samarbeid med næringslivet og kommunar i det regionale utviklingsarbeidet.
Samarbeidsavtale for Setesdal interkommunalt politisk råd. Merk at forslag til ny samarbeidsavtale er laga i samband med strategiprosessen som Setesdal IPR har vore gjennom i 2025. Ny samarbeidsavtale vart handsama i dei einskilde kommunstyra etter handsaming i styremøte og representanskapsmøte desember 2025.
Strategi 2026 - 2027 Strategidokument for Setesdal IPR
