Det er ei glede å invitere deg til Setesdalskonferansen 2024, 7. november på Revsnes Hotell.
Konferansen er ein viktig møteplass og skal gi inspirasjon, læring og ikkje minst styrke og utvikle nettverk og samarbeid. Konferansen samlar næringslivsleiarar og andre avgjerdstakarar i regionen vår og set søkjelyset på aktuelle tema. Tittelen på årets konferanse er «Nye moglegheiter i ei ny verkelegheit». Tema blir utvikling av reiselivet i Setesdal, motsetnader mellom vernekrav og utvikling, moglegheiter og utfordringar knytt til tryggleik og beredskap for næringslivet i regionen vår (inkludert re-etablering av HV 07) og digital beredskap hos næringsaktørane. I løpet av konferansen vil Digital Norway gjennomføra ei praktisk øving der eit dataangrep på bedrifta di blir simulert.
Konferansen vert avslutta med festmiddag og utdeling av Setesdalsprisen 2024.
Me håpar du har høve til å delta saman med oss denne dagen!
For påmelding og program: www.setesdalskonferansen.no