STÅ STØTT

Kva skjer med verksemda dersom straumen går, datasystema stoppar eller viktig infrastruktur sviktar?

Saman med mellom andre Roar Thon set vi søkjelyset på kva som skal til for å halde hjula i gang når uventa hendingar rammar verksemda. Gjennom innlegg og samtalar løfter vi fram korleis næringslivet kan bli betre rusta til å møte ei meir uforutsigbar framtid. 

 

ROM TIL Å SATSE

Kva skal til for at folk og bedrifter tør å investere?

Vi løfter diskusjonen om utviklingsrom, føreseielege rammevilkår og investeringsvilje, og spør korleis vi kan leggje til rette for verdiskaping og vekst i Setesdal. Korleis finn vi balansen mellom utvikling, naturomsyn og framtidige moglegheiter? 

 

VEKST

Korleis skaper vi fleire arbeidsplassar, meir aktivitet og nye moglegheiter i Setesdal?

Gjennom innlegg og samtalar om innovasjon, investeringar, reiseliv og næringsutvikling ser vi på kva som skal til for å styrkje regionen vidare. Vi får mellom anna besøk av Hans Inge Myrvold, som deler erfaringar frå utviklinga av RV13/Fjordvegen som Nasjonal turistveg i Hardanger, og korleis ein veg kan bli ein drivkraft for reiseliv og lokal verdiskaping. 

Gjennom dagen møter du også gründerar, bedriftsleiarar og andre som har valt å satse i Setesdal. Vi løfter fram historier om investeringsvilje, verdiskaping og framtidstru frå heile dalen. 

 

Arbeidsplassar, verdiskaping og vekst

Setesdalskonferansen 2026 handlar om kva som skal til for å skape eit meir konkurransedyktig, attraktivt og framtidsretta næringsliv i Setesdal. Dette blir ein møteplass for næringsliv, kommunar og andre som er opptekne av arbeidsplassar, verdiskaping og framtidig vekst i regionen.

Programmet er framleis under arbeid, og nokre namn og innslag er enno ikkje heilt på plass. Likevel ønskjer vi å opne dørene tidleg, slik at du kan sikre deg plass allereie no.

 

Påmeldinga er open. Vi gler oss til å samle næringsliv, kommunar og andre aktørar til ein dag med fokus på verdiskaping, arbeidsplassar og framtidig vekst i Setesdal.

MELD DEG PÅ HER!