SouthwestNorway.com er eit samarbeid som skal gjere internasjonal rekruttering enklare for arbeidsgivarar i Rogaland og Agder. Vi arbeider saman for å støtte verksemder og styrkje lokalsamfunn. Fordi dette arbeidet er ein del av eit offentleg oppdrag, er tenestene kostnadsfrie. 

SouthwestNorway.com er både ei nettside for å marknadsføre Agder og Rogaland som ein felles arbeidsmarknad OG eit CRM-system for å registrere interessentar.

Gjennom eitt felles kontaktpunkt kan vi tilby deg som arbeidsgivar: 

  • Moglegheita til å marknadsføre ledige stillingar overfor internasjonale kandidatar som ønskjer å flytte hit 
  • Tilgang til talentmesser, digitale arrangement og andre rekrutteringsmoglegheiter 
  • Måtar å synleggjere arbeidsplassen din på, gjennom artiklar og innhald som fortel kven de er og kva de treng 
  • Rettleiing frå EURES, som kan hjelpe deg med rekruttering i EU/EØS og tilgang til finansieringsordningar som Targeted Mobility Scheme (TMS) 

For å kome i gang fyller du enkelt ut eit enktelt nettbasert skjema. Når du er registrert, får du relevant informasjon, invitasjonar og rettleiing som hjelper deg med å finne dei rette kandidatane.  

Vi deltek på Europas største jobbmesse - Emigration Expo i Nederland - og det gir di verksemd moglegheit til å presentere ledige stillingar for kvalifiserte søkjarar som aktivt ser etter nye karrieremoglegheiter.

Meir informasjon/presentasjon: 

 

Partnarskapet består av: Rogaland fylkeskommune, Agder fylkeskommune, Næringsforeininga i Stavangerregionen, Næringsforeininga i Kristiansandsregionen, Stavanger Business Region, Business Region Kristiansand, Haugaland Vekst, Ryfylke IKS, Egersundregionen, Sauda Vekst, Invest in Rogaland, Invest in Agder, NAV EURES Rogaland og Agder, Agder Welcome Hub, Østre Agder-samarbeidet, Setesdal interkommunalt politisk råd og Region Lister.