Fagskolen i Agder med nytt, samlingsbasert studietilbod i regionen vår: E-helse og velferdsteknologi, kva, kvifor og korleis
Utdanninga er gratis
Studiestad Evje
Søknadsfrist 1. september
Fagarbeidarar og tilsette med bachelor i helsefag arbeider i fellesskap tett med brukar, pasient og pårørande, og vil gjennom utdanninga få ein grunnleggande kompetanse innan velferdsteknologi for å vurdere, setje i verk og evaluere velferdsteknologiske løysingar.
Studiet gjev ei grunnleggande forståing av korleis velferdsteknologi som tiltak heng saman med organisering av tenestene, og du vil dermed kunne bidra som ressurs inn i både utprøvingsprosjekt og dagleg drift av velferdsteknologiske løysingar i kommunehelsetenesta.
Denne modulen er den fyrste av to moduler, så kompetansen du får gjennom denne modulen, vil kunne byggjast vidare på gjennom ein modul til.
Denne vidareutdanninga er utvikla i samarbeid med Universitet i Agder. På denne gjennomføringa er det kun Fagskolen i Agder som tek opp studentar både helsefagarbeidarar med fagbrev og søkjarar med bachelorgrad (180 studiepoeng) i helse- og sosialfag.
- Oppstart 24. september
- 10 studiepoeng
- 30 studieplassar
- Undervisningsspråk norsk
Samlingsbasert, 3 samlingar á 2 dagar:
- 24. og 25. september
- 29. og 30. oktober
- 26. og 27. november
Studiestad: Setesdal vidaregåande skule, avd Hornnes