Innkalling og dokument: møteinnkalling og protokoll

Møtet blir strøyma med opptak av både lyd og bilde.

Presentasjonar få møtet: 

  • Presentasjon - samarbeid om å forebygge og redusere utanforskap blant unge i region Setesdal ved Jens Petter Røed og Siren Wulff frå Agder fylkeskommune
  • Presentasjon - dagleg leiar Rita Hansen

På vegner av dei 5 ungdomsråda i regionen vår overleverte Karen Marie Haugen Rysstad og Hildegunn Aurora Mendez-Bjørgum ei felles uttale vdr kollektivtilbodet i regionen til fylkesordførar Arne Thomassen. Sjølve uttalen kan du lese nedst på sida. 

I samband med overleveringa av uttalen, laga NRK-Sørlandet v/Svein Sundsdal eit intervju med ungdommane og fylkesordføraren. Intervjuet kan du høyre her: radioinnslag NRK-Sørlandet

_______________________________

Ungdomsråda i Setesdalsregionen, det vil seie Bykle, Valle, Bygland, Evje og Hornnes og Åseral kommune er samde i denne uttala. Denne uttala er handsama i kvart einskilde ungdomsråd.

 Ungdomsråda i Setesdalsregionen syner til Regionplan Agder 2030 sitt mål om å ta heile Agder i bruk. Det forpliktar, og legg føringer som skal gjere det mogleg å bu, leve og delta i samfunnet på lik line i heile Agder. 

Særleg born og unge er avhengig av eit tilgjengeleg kollektivtilbod for å kunne delta i samfunnet, som student, i arbeidslivet, i kulturlivet og i fellskapet. 

Eit betra kollektivtilbod vil føre til auka bulyst, betre levekår, inkludering og eit meir samla Agder. Ungdomsråda i Setesdal oppmodar Agder Fylkeskommune til å prioritere betra kollektivtilbod i Setesdalsregionen. Vi treng eit utvida tilbod inn og ut av regionen. Regionen strekk seg til Åseral i vest og til Hovden i nord.