“TRE i Setesdal” er eit mobiliseringsprosjekt innan tresatsing i regi av Setesdal regionråd med støtte frå Agder fylkeskommune og Fylkesmannen i Agder. Gjennom prosjektet har ein kartlagt alle bedrifter knytt til trenæring i Setesdal og Åseral, og desse er presentert på prosjektets nettside -  treisetesdal.no.

I tillegg er det arrangert ulike temadagar og befaringar, og ein stor konferanse “TRE i Setesdal” blir arrangert på Rysstad 15. januar 2020.

Gjennom arbeidet har ein mellom anna ønskt å:

  • Auke fokus på og kompetanse om bruk av tre som byggjemateriale, både overfor private utbyggjarar, offentlege utbyggjarar, politikarar og byggjenæringa sjølv.
  • Leggje til rette for nettverksbygging og kompetanseutveksling mellom aktørar i trenæringa.
  • Leggje til rette for betre synleggjering av bedrifter innan trenæringa i Setesdal og Åseral.
  • Informere unge om jobbmoglegheiter og utdanning knytt til trenæringa.

Trenden viser stor auke i førespurnad etter tre som byggjemateriale, og det er spådd at dette berre vil auke på. Setesdal har mange dyktige aktørar innan trenæringa, så her tenker me det er moglegheiter for verksemder i Setesdal. Men det gjeld å henge med for å ta del i utviklinga og å kunne hauste gevinstar. Om ein gjer dei rette grepa trur me auka fokus på og interesse for tre vil gi moglegheiter for både tømrarar, snikkarar, skogeigararar, møbelprodusentar, trevareindustri, kunstnarar og fleire.

Samstundes er det viktig at offentlege og private utbyggjarar tar sin del av ansvaret - både med tanke på det grøne skiftet, og for å byggje opp under lokale næringsdrivande og nytte lokale varer og tenester så langt det er mogleg.

Prosjektet blir avslutta med konferansen som blir arrangert 15. januar 2020, men den nye nettsida - treisetesdal.no - vil leve vidare i samarbeid med næringa.

Ingvild Hovden er prosjektleiar for prosjektet, og ho kan kontaktast dersom nokon har kommentarar eller spørsmål knyta til prosjektet.

Logo: Konferanse Tre i Setesdal 15. januar 2020