Hausten 2023 kan du ta vernepleiarutdanning på deltid i Setesdal når Universitetet i Agder startar opp distriktsvennleg utdanning i samarbeid med Setesdal interkommunalt politisk råd.

Ein vernepleiar arbeider med menneske med ulike funksjonsvanskar. Forståing for behova og ønska til enkeltmennesket er eit viktig utgangspunkt for fagfeltet. 

- Det er ein praksisretta helse- og sosialfagleg utdanning som kvalifiserer for jobb i helse-, omsorgs- og velferdstenester. Utdanninga sikrar også kompetanse og haldningar som dannar grunnlag for likeverdige tenestetilbod for alle grupper i samfunnet, seier Marianne Hovet Steig, studiekoordinator for distriktsvennleg vernepleie ved UiA.

Fyller stort regionalt behov
- Det er stort behov i kommunane for kompetent arbeidskraft innan helse, og dette er også ei god moglegheit for innbyggarane våre til å få seg ei høgare utdanning nær heimstaden, seier Rita Hansen, dagleg leiar av Setesdal interkommunalt politisk råd. 

Det blir og distriktsvennleg vernepleiarutdanning i Lyngdal og Risør i samarbeid med Lister Kompetanse, og Østre Agder-samarbeidet. 

Praksis i Setesdal
Den distriktsvennlege utdanninga som blir tilboden frå neste haust er samlings- og nettbasert med Evje som studiestad. Enkelte delar av undervisninga blir arrangert som ei felles samling for alle regionane, i enten Grimstad eller Kristiansand.

Det er krav om 30 veker praksisundervisning gjennom studiet, og ho blir gjennomført lokalt i Setesdal. Utdanninga er på deltid og strekkjer seg over fire og eit halvt år. Det gjer at studentar kan ta vernepleia ved sida av jobb. For å komma i gang med studiane må det vera minimum åtte studentar.

Kompetansekrav
- Det blir flott å få vernepleiestudiet til Setesdal og no må dei som ser dette som aktuell utdanning bruka tida fram til neste haust på å skaffa seg studiekompetanse, seier Hansen. Meir informasjon finn du hjå Agder fylkeskommune - Ta eksamen som privatist.

Meir informasjon kan du få ved å venda deg til opptakskontoret ved UiA.