Hopp til hovedmenyen på siden Hopp til hovedinnholdet på siden
olavsrosa

Reiselivsnytt - Bjoren vart tildelt Olavsrosa frå Norsk Kulturarv

Ellen Nordstoga frå styret i Norsk kulturarv og stortingsrepresentant Kjell Ingolf Ropstad stod for høgtidleg overrekking av merket og diplom til kaptein Robert Kleppe ombord på DS Bjoren den 25.juni 2013 .

DS Bjoren er eit verneverdig farty og kulturminne, men og ein viktig attraksjon for reiselivet om sommaren. Tildelinga av Olavsrose er eit kvalitetsmerking – og det set Bjoren inn i eit nasjonalt nettverk av særmerkte verdifulle historiske opplevingsstader.

Utmerkinga vart overrekt under ein stemningsfull seglas med song og tonefølgje v/ Inger Lise Stuelien, Knut Kjetil Møen – samd Harald Rike-Arnesen! Kaptein Kleppe og Vidar Frøysnes fortalde litt om båten. Inviterte gjester var ombord. Dei fekk servert smakar av Setesdal frå det historiske hotellet, Ose turistheim.

Bjoren vart bygd ved Akers Mekaniske Verksted i 1866. Lengda er 68,9 fot og vekta ca. 26 tonn. Bjoren gjekk i dei fyrste åra i rute på Kilefjorden. I 1896 opna den smalspora jernbanen til Byglandsfjord, og grunnlaget for drifta på Kilefjorden var borte. Bjoren vart i 1897 frakta til Byglandsfjorden der han gjekk i rute fram til 1957. Etter 1920 tok bilruter over mykje av trafikken frå båtane. Då det i 1950 åra vart bygd veg på vestsida av fjorden, var heile grunnlaget for båtane borte, og gamle Bjoren gjekk i opplag. I 1970-åra starta ein aksjon for å berge det som vart att av båten, og å få satt han i stand. Bjoren vart restaurert ved Drammen Skibsreparasjoner A/S under faglig leiing av Riksantikvaren. Resultatet er svært vellukka. Maskinen går som ei klokke, og skroget er solid og trygt. Bjoren er eit flytande teknisk museum.I dag eig Bygland kommune båten. DS Bjoren AS er driftsselskap. Drifta blir trygga gjennom stiftinga eit grunnfond oppretta mellom anna av fylkeskommunen og andre. Bjoren har og venneforening som står for stor dugnadsinnsats med vedlikehald av båt og ikkje minst ved til fyring.

Tips en venn Skriv ut