
Setesdalsprisen 2019 til Tim Davis
Tim Davis fekk Setesdalsprisen 2019, til solid applaus under festmiddagen på Setesdalskonferansen.
Sidan 1993 har han drive fram TrollAktiv på Syrtveit, eit eldorado innan friluftsliv, rafting og opplevingar, for små og store, familiar, grupper, skuleklassar, verksemder.
Stortingsrepresentant Tellef Inge Mørland overrekte prisen, som er på 10.000 kr og eit diplom. Mørland peika mellom anna på evna Tim Davis har til å gripe moglegheitene og til å heile tida jobbe fram nye tilbod og aktivitetar.
Hjå TrollAktiv finn ein rafting i fleire kategoriar, klatreparkar, escaperoom og teambuilding, sykkelpark og bmx-løyper, kanoturar, paintball, lazertag, elgsafari, hytter, telt, lavvoar, catering, og mykje mykje meir. Og enda meir og spanande ting er på gong!
TrollAktiv har gjeve arbeid til uttalege unge i Setesdal, og folk kjem frå heile Europa for å jobbe hjå Tim Davis. Og etterkvart er det ikkje få som har slått rot i Setesdal, her har dei funne lukka, og fleire har funne kjærleiken og stifta familie her i Setesdal på grunn av TrollAktiv og Tim Davis!
Berre innan rafting kjem over 10.000 menneske til TrollAktiv på Syrtveit, og er den best besøkte raftingplassen i Noreg. Det er klart at dette gjev positive ringverknader i regionen vår.
Det vert også påpeika at Tim Davis er eit førebilete når det gjeld samarbeid, i lokalsamfunnet, med Otra Il, lokalt næringsliv og ikkje minst for reiselivet i heile Setesdal.
Det er grunn til å tru at aktivitetsbasert turisme kjem til å bli enda større i Setesdal i framtida, eit potensiale Tim Davis såg lenge før veldig mange av oss, og som han stadig er ein viktig pådrivar for. Me heiar på Tim Davis!
Setesdal regionråd gratulerar med prisen!