Bakgrunn for salet

I desember 2020 henvende dei tilsette i L/L Setesdal Bilruter seg, gjennom fagforeininga og dei tilsettes representant, til Setesdal interkommunalt politisk råd med førespurnad om dei kunne få kjøpt dei 1330 aksjane Setesdal IPR eigde. Grunngjevinga frå dei tilsette for å kjøp var at dei ønskja meir innflytelse på eigen arbeidsplass.  

Politisk handsaming

Styret i Setesdal IPR handsama saka, og gjorde vedtak i møte 28.04.21, 11.06.21 og 23.06.21 å selje dei 1330 aksjane til faste tilsette i L/L Setesdal Bilruter. Styreleiar og nestleiar i SIPR fekk fullmakt frå styret til å kunne inngå avtale med dei tilsette, der SIPR sin forkjøpsrett til gjennkjøp av aksjane vert avgrensa til 5 år, om aksjane vert selde. Prisen for å nytte forkjøpsretten vert sett til kr 1500,-. Same som salssummen.

Torsdag 19. august vart aksjesalet endeleg gjennomførd, og dei nye aksjeeigarane kunne være med og stemme på generalforsamlinga 24. august.

SBR.jpg

Frå venstre: styreleiar Steinar Kyrvestad, dagleg leiar Rita Hansen og repres. frå dei tilsette Kjetil Omnes.