Ordførarutvalet var denne veka på bedriftsbesøk til Bygland Bryggeri og Ose Water som held til i dei same lokala på Austad.

Hjå Bygland Bryggeri møtte me Torkjel Austad og Andres Helle og hjå Ose Water møtte me Bergtor Haugå. Me fekk omvising i produksjonslokala og fekk høre om status, eit innblikk i utviklinga, og sjølvsagt deira tankar og planar for åra som kjem.

Bygland Bryggeri vart stifta i 2017, og den første produksjonen, ”Sveikadden”, vart tappa i januar 2018. Produksjonen deira er spreidt på fleire stadar, og dei er i full sving med å innreie lokala for småskala spesialproduksjon i Setesdal. Både Torkjel og Andres gler seg til å ha eit lokale der dei kjem nærare folk, lokalt næringsliv og tilreisande, og fortalde entusiastisk om alt frå kveik, opphav til etikettane og nokre av dei talrike internasjonale presseoppslaga dei har fått. https://www.setesdalswiki.no/wiki/Bygland_Bryggeri og https://www.facebook.com/byglandbryggeri

Ose Water vart stifta i 2018, og i 2019 vart det offisiell lansering av den første produksjonen. Seinare har også SoftOX Solutions AS starta med produksjon av ulike desinfeksjonsprodukt. https://www.setesdalswiki.no/wiki/Ose_Water og https://osewater.com/ Produksjonslina er imponerande og Bergtor guida oss gjennom heile prosessen frå ein liten plasthylse til ferdige forpkaningar med kjeldevatn..

Me ønskjer båe verksemdene lykke til og takkar for hyggeleg og lærerikt besøk!