Måndag var ordførarutvalet igjen på bedriftsbesøk, og denne gangen gikk turen til Containertech A/S som held til på Nesmoen i Bygland kommune kor me møtte Kjell Rune Heia.
Fyrst må det ein oppklaring til: dei fleste kjenner verksemda som Skild A/S. Namneendringa skjedde nylig, da Skild og Containertech fusjonerte.
 
Kjell Rune er ikkje den som er oppteken av formelle utdaninngsløp, og den såkalla master-sjuken har han ikkje eit snev av. Sjølv seier han med stolthet – og ein smule beskjedenhet vil eg påstå – at han er meir som ein «ufaglært taxisjåfør». Strengt tatt, innrømmer han, så har han eit fagbrev i bunnen. For Kjell Rune er det genuin interesse og teknisk nysgjerrighet som er drivkrafta. Hans refleksjonar kring korfor dei lykkas når andre seier at det ikkje går, er at «veit ikkje noe om det, dermed får ein andre vinklingar, prøver og feilar i feil rekkefølge og i det heile tatt griper an ei utfordring på ein ny måte».
 
Kjell Rune fremstår som ein tålmodig optimist, som sier berre ein får testa og tenkt nok, så får ein det gjerne til. Sjølv meiner han at det nettopp er mangelen på formell kunnskap som er hans fortrinn – der andre nyttar meir strukturert metodikk bare gyver han på, gjerne i ukonvensjonell og «feil» rekkefølge.
 
Det var ikkje så lett å henge med i all den tekniske informasjon me fekk på ut- og innpust, men kortversjonen av kjerneområdet deira er levering av avanserte renseløysingar for vatn frå tunnel- og vegprosjekt. I tillegg til eit breitt spekter av andre tekniske, gjerne containerbaserte, løysingar. Kjenner me Kjell Rune rett, så kjem det nok fleire tekniske løysningar på dette og hint i åra som kjem!
 
Pr i dag er det omlag 21 tilsette lokalt i verksemda. Det viktigaste for dei er å finne dei rette folka, så veks dei inn i jobben. Enn så lenge så har dei ikkje rekrutteringsutfordringar, og dei har fleire tilsette som pendlar inn frå andre kommunar i regionen vår. Kjell Rune & co kunne nok hatt fleir i arbeid, men seier dei no er i ein fase kor det er viktig å ikkje vokse for fort.
Etter å ha vore på besøk og fått eit innblikk i deira tankar og planar for framtida er det rimelig å anta at det om ei stund vil vera enda fleire tilsette – og at dei innan den tid faktisk må utvida parkeringsområdet sitt. Er det noe Kjell Rune er krystallklar på, er det at det er i Bygland dei skal vera og vekse.
 
Arbeidsplasser og lokal verdiskaping er gull verdt i seg sjølv, men i det større bilete så kan denne type type verksemd også ha stor betydning for andre næringar lokalt. Kjell Rune seier verksemda genererer omlag 8-10 mill med teneste/kjøp i lokalt næringsliv.
Me takker for utrulig gildt besøk, gode samtaler og interessant omvisning – og ønsker Kjell Rune og kollegaene lykke til vidare!
 
Verksemdas heimeside: https://www.containertech.no/