I går var ordførarutvalet på bedriftsbesøk igjen, og denne gongen gjekk turen til Åseral, nærare bestemt Heigardan kor Beathe Smeland Verdal held til.

Herfra driv ho Klippekroken, og har innreia salong både på garden og på Hornnes.

Det er no 3 år sida Beathe starta opp på Heigardan. Ho jobbar kvar dag, noe dag og noe kveld, og tilpassar seg til kundanes behov. I tillegg har ho salong på Hornnes, og plar som regel ha opent der på fredagar.

Innbyggjarane i Åseral er gode på å nytta seg av lokale verksemder og fagfolk, også når det gjeld frisørar. I distrikta er dagleglivet for mange bilbasert, og folk finn som regel greitt fram til Heigardan. Beathe fortel at ho også har ein del kundar som er busett i Evje og Hornnes og på Byremo – det kjem til og med ein og annan frå Bykle og Kristiansand. Ho hadde forøvrig læretida si nettopp i Kristiansand, og etter å ha vore der er ingen av oss overraska over at noen av kundane hennar har følgt etter.

Samtalen fløyt lett og ledig kring bordet, og Beathe fortalde både ein og to gode historier som fekk latterdøra på vidt gap hjå oss alle.

Beathe har jobba sidan ho var 2009. Om det å starte opp og drive for seg sjølv sier ho;  – det er plent skjønt å vere sin eigen sjef og drive for meg sjølv. Ho har ordna og funne ut av det meste sjølv, og siar sjølv at ho er ikkje den som har brukt tid på søknadsskjema.  Men Åseral regnskapskontor, dei er gode å ha :-)

Beathe prioriterer jamleg kurs og anna kompetanseheving. Det er utrolig viktig med fagleg oppdatering og ein må følge med på trendar – det er det kundane i neste omgang etterspør.

I dette yrket, som elles, gjeld det både å halde seg fagleg oppdatert og ta i bruk ny teknologi.  Sagt på ein anna måte er sosiale media et eiga tema i frisørbransjen; «ikkje berre skal vi frisørar kunne hår, vi må også kunne sosiale mediar".

Klippekroken har ikkje eiga nettbutikk, men sel ein del produkt via Instagram. Elles merkar ho også godt at utgiftene stiger, i september var prisauken frå leverandørane hennar på nesten 5%.

Beathe fortel at gjennomsnittsalderen for dei som står i yrket berre er 27 år. Ho opplevde sjølv at det var stort fokus i utdanninga på korleis unngå belastnings- og slitasjeskadar, noko ho er glad for i dag.

Beathe har jobba målretta for å kome dit ho er i dag. Allereie som 4-åring hadde ho bestemt seg for at det var frisør ho ville vere. Og sånn blei det!

Me takkar for lærerikt og særs hyggeleg besøk, og ønskjer lykke til vidare.