Måndag 13. juni var ordførarutvalet på bedriftsbesøk til Nor-Dan Marine AS på Verksmoen i Evje og Hornnes kommune.

Her møtte me Liv Hansen, som saman med Åge Hansen grunnla Nor-Dan Båtbyggeri AS i 1981. Verksemda bytta etter kvart namn, og vart delt opp i Nor-Dan Composites og Nor-Dan Marine. 

Liv fortalde engasjert om ei spennande reise frå dei fyrste lystbåtane vart produsert fram til no. Vegen frå etableringa og fram til no vore prega av utvikling og tilpassing til nye marknadar og forretningsområde, og i dag vart det produsert fiskesjarkar for kystfiske og kar som hovudsakleg nyttas i oppdrettsnæringa.  Ei og anna spesialbestilling tek dei også på seg. 

Om situasjonen i dag fortel Liv at det gjeng å få tak i råvarer, men at dei - som dei aller fleste - opplever ein stor auke i kostnadar. Å høyre ho fortelja om ei fiskesjarks ferd frå Evje til si nye heimehamn langt nord var ei oppleving! 

Les meir: 

Me ønskjer verksemda lykke til på sin vidare seilas, og takkar for hyggeleg og lærerikt besøk!