Mondag 4. april var ordførarutvalet på bedriftsbesøk til Setesdal Folkehøgskule, https://setesdalfhs.no/ . Her møtte me Arne Brattekleiv, som er rektor ved skulen, og Olav K. Hovet. Dei orienterte om status for verksemda i dag, gav oss eit innblikk i utviklinga frå skulen blei etablert i 2010, og sjølvsagt deira tankar og planar for åra som kjem.
 
I 2019 flytta skulen til Hylestad. Forutan klasserom er der no både internat, stort kjøkken og matsal, treningsrom, daglegstove mv., og i nærleiken er det masser av lett tilgjengelege aktivitetar og flott natur.
 
Det er omlag 12 årsverk ved skulen, som i utgangspunktet har 87 elevplassar. Linjetilbodet er i stadig utvikling og her som overalt elles må ein «henge med» i tida og tilpasse tilbodet til marknaden og elevane sine interesser. Frå neste år vil skulen ha 7 linjetilbod. Til dømes vil ein no satse på kultur og natur i Setesdal, noko som gjer at ein også finn nye samarbeidsaktørar lokalt.
 
Rektor fortalde om svært gode søkjartall i år, men at dei – til liks med folkehøgskular over heile landet – i år opplev at mange søkjarar sitt på gjerdet og korkje takkar ja eller nei til skuleplassen.
 
Så vil tida vise korleis dei endelege tala blir – me ønskjer lykke til og takkar for eit hyggeleg og lærerikt besøk!