Måndag var ordførarutvalet på årets første bedriftsbesøk, og denne gangen gikk turen til Straume i Valle kommune. Her møtte me Stein Føreland Straume, og fyrste stopp var Straume kraftverk.
 
Kraftverket produserer ca 20 GWH, som er strøm nok til omlag 1000 husstandar, og vert satt i drift i 2017. Opphaveleg var det lokale grunneigarar som bygde ut kraftverket. I 2021 vart aksjane seld til Småkraft AS. Grunneigarane har beholdt eigarskapet til sjølve fallretten, og den leigas ut. Leieavtalen er på 45 år, og når den tid kjem kan grunneigarane kjøpe tilbake retten fortel Stein. Den daglege drifta av kraftverket tek dei seg av lokalt.
 
Den gamle møllesteina som heng i møna på kraftverket vitnar om kor viktig vatnet her har vore opp igjennom tidene.
 
Her, som så ofte elles i samfunnet, opplev ein meir og meir fagspesifikke dokumentasjons- og rapporteringskrav som gjer at ein må leige inn ekstern kompetanse. NVE har også sitt «kø-system», og han fortel om ein i utgangspunktet kurant sak dei har inne som det tar fleire år å få handsama. Et tankekors i ei tid der ein skulle tru all auke i kraftproduksjon var ønskeleg – også i småkraftverka.
 
Etter omvisinga på kraftverket gjekk turen vidare innover, og til idylliske Straume gard. Sett frå utsida er det lite som minner om eit sjauefjøs, og Stein forteljar engasjert om prosessen med å reise bygget – heilt fra tømmerhogst via Knut Rysstad og Rysstad Laftebygg til «stablinga» på staden. Mens praten går utanfor bygget vart lyden av sauene høgare og høgare – for no forventar dei mat. Inne ventar 280 sauer på mat, og Stein visar oss korleis serveringa går til. Når matroen har senka seg, visar Stein oss vidare rundt og fortel om de forskjellige praktiske løysningane. Bak ein av dørene viste det seg å vere eit velutstyrt treningsrom, som Stein fortalde blei flittig brukt av fleire på garden.
Januar, februar og mars nyttas gjerne til snikring og prosjekt, og i år er det ein liten hybelavdeling som blir bygd inne i fjøset. Under lamminga bur ein jo her, seier Stein.
 
Me takkar for utruleg gildt og interessant besøk!