I går var ordførarutvalet på bedriftsbesøk igjen, og denne gongen gjekk turen til Hovden, nærare bestemt til TL produkt AS.

Bransjen er industridesign og produktdesign, og her møtte vi dagleg leiar Torjus Løvdal. Torjus har en variert bakgrunn, og går gjerne all-inn og har en bachelor i produktdesign.

Møbelproduksjon, spillkonsoll i tre, iPad-haldarar produsert med 3D-maskinar, lykter til julegata som kjem på Hovden og mykje meir fekk me sjå. «Powsurf», som er ein slags snowboard utan bindingar berekna for puddersnø og som mest så ut som eit surfebrett for snø, fekk me også både høyre meir om og sjå.

CNC-maskina er gull verdt i ei slik verksemd, og 3D maskina stod og surra heilt for seg sjølve. Det første produktet tar alltid mye lengre tid enn de kom kjem etter, så det ideelle er å koma dithen at ein kan sette eit produkt i ordinær produksjon, så kan ein samstundes arbeide med andre førsteutgåver.

Alt er mine idear, kan jo ikkje drive og kopiere andre, seier han, så det er en kreativ designprosess bak kvart einaste produkt .

Han har laga møblane til kontorfellesskapet CoWorx Hovden i Hovdetun for nemne noko. Verksemda har ikkje eiga nettbutikk eller anna presentasjonsside på nett enno, men Torjus fortel at bestillingane tikker inn jamt og trutt. Fornøygde kundar og kvalitetsprodukt gir som kjent et godt rykte, og når det spreiar seg kjem kundane. Det ballar på seg, som han sjølv seier.

Også Torjus merkar godt at utgiftene stig, og utfordringar med å få tak i enkelte maskiner og råvarer.  Litt større lokalar ønsker han seg, og elles bobler han over idear og

Torjus’ entusiasme og skaparglede var mest til å ta og føle på, og det var tydeleg at her var det en kar som trivs med jobben han har skapa seg. For å bruka Torjus’ eigne ord: eg har det gøy.

Me takkar for lærerikt og interessant besøk, og ønsker Torjus lykke til vidare!