Sykkelen Helga

Det var godt oppmøte for å sjå og høyre om syklane og systemet! Det var mogelegheit for å prøve syklane, noko som fleire nytta seg av. Det er no utplassert 30 elsyklar i kommunane Valle, Bygland og på Evje og Hornnes, fordelt på sju stasjonar.

Elsykkelstasjonane finn du på Bratt friluftsliv i Valle, på Sølvgarden Hotell på Rysstad, på Bua i Bygland, Revnes Hotell på Byglandsfjord, Troll Aktiv på Syrveit, Dølen Hotell på Evje og Mineralparken på Hornnes. For å nytte elsyklane laster du ned ein app og scanner ein QR-kode for å låse opp og att elsyklane. Det stend godt forklara på stasjonane korleis du gjer det. 

Prosjektet er gjennomført som eit samarbeid mellom kommunane og Setesdal Interkommunalt politisk råd (SIPR) og er også ein del av EU-prosjektet MARA som belyser mobilitet og framkomelegheit i rurale strøk. Syklar og system er finansiert av Klimasats og SIPR, og kommunane har ansvar for drift og vedlikehald.

Opning av Setesdal e-bike