Geir Daasvatn vart i styremøte i Setesdal interkommunalt politisk råd 28. september 2022 utnemnt til Setesdalsambassadør. Det er tredje gong ei slik utnemning skjer.

Ambassadøren skal ta vare på Setesdal sine interesser, og vere  ein viktig del av Setesdal sitt andlet utad. Ambassadøren skal representere Setesdal på ein god måte og utan tanke på eigen nytte.

Gjennom gruppa Setesdalssida har Geir framsnakka og marknadsført regionen i fleire år. Geir formidlar kunnskap om regionens eigenart, tilhøyret til folkemusikken,, natur- og kulturhistorie, aktivitetar og opplevingskvalitetar med kjærleik og med stor personleg innleving. Alltid med positiv vinkling, alltid til støtte for dei han skriv om – og alltid utan å ta ei krone betalt. Dugnadsånden hans er unik, og han profilerer regionen på framifrå vis. Verksemder, natur, dugnad, lyd og lag – han stiller opp for alle og formidlar med ei alltid like positiv grunntone.

Tittelen er tildelt fordi han, på sin stillefarande måte, i ei rekkje år har gjort ein makelaus innsats ved å fremje Setesdal sitt omdømme på ein særs positiv måte.

Innsatsen er gull verdt!

Det synlege teiknet på dette er ei utmerkinga i form av eit diplom og setesdalskrullen i gull.