Dato: 27. oktober kl. 16.30–20.30

Sted: Revsnes hotell, Byglandsfjord

Agder fylkeskommune og Setesdal interkommunalt politisk råd inviterer kvinner i alle aldre til seminar om medvirkning og deltaking. Det blir arrangert tre slike "Kvinnesprang-seminar" i Agder, i samband med arbeidet med ulike planar, ikkje minst arbeidet med regionplanane.

Fylkestinget har vedtatt: Det vil vere spesielt viktig å involvere ungdom og kvinner frå regionen ein formell rolle i prosessen frå oppstart av regionplanarbeidet.

Programmet på Revsnes denne torsdagen byrjar med middag etter arbeidstid. Ein ønsker å ha med så mange jenter og kvinner på seminaret.Ikkje minst dei som er engasjert i frivillige organisasjonar, politikarar og andre interesserte. Målet er inspirere til å få med fleire kvinnestemmer i planlegging av samfunnsutviklinga i kommunane.

Hovedinnleiar er Kristine Hognestad Træland. Ho er filosof, men nok mest kjent for at ho budde sju år i ei lita hytte utafor allfarveg i Kvinesdal. Ho vil sei noko om det å ta eigne val, om dei er utradisjonelle. Andre deltakarar på seminaret har lokal tilknyting til Setesdal og Åseral.

Begrepet Kvinnespranget er inspirert av Skjelvaspranget (Tingvatn) og Jentespranget (Feda), som og er tittelen på ei bok av Sigbjørn Hølmebakk. I dag er det behov for eit nytt sprang: Eit kvinnesprang på egne premiss, som gjer at kvinner kan bestemme meir, ta meir plass og vere økonomisk sjølvstendige i alle livsfaser. (Lisbeth Raanes Hansen)

Program:

16.30 Middag

Velkommen til bords v/Kristin Tofte Andresen

17.15 Kvifor jentespranget v/Gro Bråten

Inspirasjonsforedrag v/Kristine Hognerud Træland, filosof, korgmaker og spaltist . ”Jeg ville vinklet det rundt hvilke muligheter det gir å bo i distriktet sammenlignet med å bo i en by. Samt viktigheten av alternative idealer til livsstil, ikke bare for bærekraft men også for kvinner”.

18.15 ”Sofasamtale” med lærar/journalist Sigrid Aasen Haugsgjerd, Bygland, Helga Jacobsen, kulturleiar i Bykle, representant fra ungdomsrådet, Sigrid Berg, PPT, Valle, Kristine Tøsse, lærar og hobbybonde, Åseral kommune

19.15 Innleiing til gruppesamtale v/Kristin Øygarden

1. Kva for utfordringar er det for jenter/kvinner i Setesdal?

2. Kva skal til for å få fleire jenter/kvinner til å busette seg i dalen?

3. Nemn tre tema som bør med i den planlagte regionplanen for Setesdal, og som er viktig for kvinner?

20.00 Vegen vidare v/Rita Hansen, Setesdal interkommunalt og politisk råd og Gro Bråten, Agder fylkeskommune

Avslutning v/Kristin Tofte Andresen, direktør for næring, kultur og kulturminnevern.

Konferansier og debattleiar: Kristin Øygarden. Meld deg på seminariet her: https://agderfk.pameldingssystem.no/kvinnespranget-i-setesdal

Seminaret er gratis.

Kvinnespranget i Setesdal 2022.pdf