Regjeringa gir no tilskot til 31 studiesenter i heile Noreg , og vi er ein av dei!
 
Studiesentera tilbyr fleksibel utdanning der folk bur. Sentera er etablerte i tett samarbeid med lokalt næringsliv, kommunar og fylkeskommunar slik at dei best mogleg møter regionale behov. 
 
Vi blir tildelt kroner 509 048,-. frå hK-dir (Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse) på søknaden vår om driftstilskott for 2024 til studiestad Setesdal. 
 
Til saman fekk direktoratet inn søknadar om ikkje mindre enn 74 648 995,- kroner, og dei har no fordelt omlag 50 millionar.
Alle søknadene dei fekk oppfylte formål og krav til utlysinga, så for å få ein mest mogleg rettferdig fordeling fekk alle som søkte en avkorting i tildelinga på 33,02 % av omsøkt beløp.
 
Midlane gjeld drift, og for vår del vil det seie at me både kan oppretthalde og forsterka arbeidet med å vidareutvikle Setesdalsregionen som ein kompetanseregion.