Frist for oppmelding 1. halvår 2023 er 1. februar!

Agder fylkeskommune arrangerer privatisteksamen to gonger i året. Som privatist er du sjølv ansvarleg for å melda deg opp til eksamen, søkja eventuelle tilretteleggingar, og setja deg inn i relevant informasjon om eksamen. Det er ikkje mogleg å melda seg opp eller søkja tilretteleggingar etter at fristen har gått ut og nå nærmar fristen seg.

Som privatist er det mogleg å melda seg opp til eksamen i dei aller fleste faga i vidaregåande opplæring. Du kan ta privatisteksamen i fag du manglar, eller i fag du ikkje har bestått.

Manglar du kanskje eit fag, for å starta på den distrikstvennlige vernepleiarutdanninga ? Då må du nytta sjansen no.

Les meir om korleis du melder deg opp her: Agder fylkeskommune

Vil du vita meir om den distrikstvennlige vernepleia? Då kan du lesa meir om det her: Distriksvennlig vernepleie