Bedriftsbesøk til Hovden Teknisk Teiknar / AGDE Arkitektur avdeling Hovden.

 

Måndag var ordførarutvalet igjen på bedriftsbesøk, og denne gangen gikk turen til Hovden teknisk teiknar og kommande AGDE Arkitektur avdeling Hovden i Bykle kommune. Her møtte me Agnes Fosse Hovden og Krister Ingebretsen.

Agnes Fosse Hovden etablerte tilbake i 2021 firmaet Hovden teknisk teiknar, og frå august 2022 vart det ein fulltidsarbeidsplass. Hovden teknisk teiknar har spesialisert seg på byggtekniske teikningar og visualisering, og lagar tekniske teikningar til små og mellomstore byggeprosjekt, som til dømes nybygg, påbygg og ombygging. Agnes har kontor på Hovdetun, og sitt sånn sett sentralt plassert.

Agnes fortel at ho har hatt godt med oppdrag etter oppstarten. Ho har mellom anna just teikna ein ny einebustad som skal byggjas på Hartesyni. Spaden blir satt i jorda før 1. juni fortel ho. Blir veldig spennande å sjå bygget reise seg frå teiknebrettet seier ho.

Etter ei tid kjende Agnes på eit ønske om noko meir fellesskap, da ho kjente litt på eit sakn etter kollegaer. Så fanga ein annonse på finn.no Agnes si interesse; ein open annonse etter arkitekt/teknisk teiknar/arealplanleggjar. Deretter tok ho ein telefon til Krister Ingebretsen, sa ho var interessert i å ha fleire kollegaer, var open om at ho bur på Hovden og har tenkt å fortsette med det, og spurde rett ut om det var nokon vits i å søke på jobben.  Jo, absolutt. Og Agnes enda opp med å sende søknad.

Det som då skjedde var utruleg spennande, for da ringde Krister og spurde om ho villa ha eit møte med han og Krister sin kollega Frode? Deira sin ide var om dei i lag kunne sjå for seg å starte ein avdeling på Hovden som eit sjølvstendig AS? Hovden er ein stor marknad i seg sjølve. Kan det vera interessant spurde dei Agnes. Det kunne jo ikkje passa betre for meg, seier Agnes. Det er me glade for å høyre!

Så no er me godt i gang, har intensjonsavtale og er snart AGDE Arkitektur, avdeling Hovden ein realitet. Det blir et sjølvstendig AS, kor Agnes går inn som deleigar.

 

AGDE Arkitektur sitt kontor er i dag i Lyngdal, og er også eit relativt nystarta firma som Krister starta opp i februar 2020 i lag med Frode Jerdal.  Det var litt skummelt innrømmer Krister, men gjekk over all forventning. Faktisk såpass godt med oppdrag at dei kapasitetsmessig måtte tenke «kva gjer me no». Det dei gjorde var å leggja ut ein open annonse på finn.no, som igjen appellerte til Agnes. Sjølv om det blir relativt få tilsette og spreidde avdelingar, så utfyllar dei kvarandre sin kompetanse og fagfelt, dessutan er markandane deira ganske like med omsyn til storleik og andre forhold var deira vurdering.

Krister fortel at dei ønsker å profesjonalisere verksemda slik at dei er rigga for ta steget vidare, og dei er derfor blitt ein målbedrift i Lister Nyskaping sitt næringshageprogram.

Det som Krister meiner skil deira forretningside og verksemd frå konkurrentane, er at dei samla har ein brei kompetanse; - ofte er det gjerne arkitektar på eit arkitektfirma, og planleggjare på eit plankontor – me har begge. Gir oss god oppgåveforståing og fleksibilitet, som kundane sett pris på seier Krister. For meg å kunne ta den telefonen, og ha ein samtale kring eit prosjekt, er utruleg mykje verdt seier Agnes. 

 

Visualisering og modellering er noko dei gjerne gjer; ikkje alle kan sjå ut frå ein flat teikning korleis eit bygg vil sjå ut i terrenget, noe nokon ein kvar nok har erfaringar med. Elles er refleksjonane kring korleis hyttane skal tilpassa seg terrenget og ikkje terrenget tilpasse seg hyttane, noko me er glade for å oppleve seier Agnes.  På spørsmål om dei har oppdrag med massivtre som byggjemateriale, var svaret at dessverre, slike oppdrag lar vente på seg – her som elles.

 

Dei jobbar også med påbygg til verneverdige bygg. Agnes og Krister viste oss ein teikning av eit gamalt bygg som vert kopla saman med eit tilbygg via en «glassgang». Teikningar illustrerer også godt korleis deira kompetanse utfyller kvarandre fortel Agnes. Frode håndteiknar ei skisse, sendar over til kunden, og ber Agnes – som er teknisk teiknar – om å lage teikningane.

Som alltid når ordførarane vitjar verksemder i regionen, vart det også tid til engasjert dialog om både stort og smått. Alt frå saltinnhaldet i Rosfjorden (!) til arbeid som involverer verneverdige bygg. Til det siste seier Kristen at deira erfaring er at ein som regel finner ein grei løysning i møte med styremaktane, «det er jo ingen som ønsker at bygg skal rotne på rot».

Me fekk til slutt sjå noen skikkelege snaisne teikningar av både hus, hytter og moderne påbygg til gamle bygg. Det vart registrert litt mumling hjå ein av dei som deltok; vedkommande var openbart kjesken på ei av hyttene me fekk sjå - men alt tydar på det blei med mumling 😎

 

Me takkar for utruleg gildt og interessant besøk!