Som ein sentral del av prosjektet Mat og opplevingar i fjellet  har Fjellnettverket fått laga ein rapport som ser på korleis reiselivsaktiviteter og matproduksjon, basert på lokale ressursar i fjellet, påverkar berekraft og klima.

Rapporten er utarbeida av Nibio og samanfattar eksisterande kunnskap om korleis reiselivsaktiviteter og matproduksjon basert på lokale ressursar i fjellet påverkar dei tre berekraftsprinsippa (økonomisk-, miljømessig- og sosial berekraft). NIBIO Brage: Mat og opplevingar i fjellet: Berekraftig bruk av lokale ressursar (unit.no). Bakgrunnen for bestillinga av rapporten var eit ynskje om å få meir kunnskap om korleis aktivitetane og produksjonen i fjellet påverkar berekraft og klima.

Rapporten syner mellom anna at:

  • I ei internasjonal samanheng er fjellområda spesielt godt eigna til berekraftig kjøt- og mjølkeproduksjon basert på utmarksressursar, dette gjeld spesielt i fjellområde der ein også kan få ein klimagevinst av albedoeffekten.
  • Fjellandbruk kan bidra til auka sjølvforsyningsgrad og matsikkerheit utan at det går på kostnad av miljøet.
  • Dagens forbrukarar er opptekne av at produkta dei kjøper ikkje skal ha negative konsekvensar korkje for deira eiga helse eller deira omgivnadar – det vere seg dyra, fisken, naturen, miljøet, bonden, fiskaren, produksjonsarbeidaren, lokalsamfunnet eller framtidas generasjonar. • Færre beitedyr og anna bruk av utmarka trugar det biologiske mangfaldet, færre gardar i drift har negativ effekt på over 500 truga artar.

Sjølve rapporten kan du lese her: https://nibio.brage.unit.no/nibio-xmlui/handle/11250/3023584

For å presentere funna i rapporten er det lagt opp til ei webinarrekke:

  • Torsdag 17/11 (kl. 09:00-10:30), Tema: Bakgrunn for oppdraget og berekraft i fjellet: Foredragshaldarar: Fjellnettverket og Sebastian Eiter frå Nibio
  • Fredag 25/11: (kl. 09:00-10:30), Tema: Arealkonfliktar og reiseliv Foredragshaldarar: Anders Bryn og Bjørn Egil Flø, forskarar frå Nibio
  • Torsdag 1/12: (kl. 09:00-10:30), Tema: Beiteressursane i fjellkommunane og «Fjellprodukt» Foredragshaldarar: Yngve Rekdal og Hanne Sickel, forskarar frå Nibio

Klikk her for å melde deg på webinar.