Fondet består av rådets eigne middel og rammebevilgning fra Agder fylkeskommune. Regionplan Agder 2030, VINN Agder 2015-2030 og Setesdal interkommunalt politisk råd sin strategi og handlingsplan gjeld som overordna regionale føringar. Ein føreset eit godt samarbeid med Innovasjon Noreg og fylkeskommunen, mellom anna i saker der ein bør få vurdert om Innovasjon Noreg sine rammer kan nyttast.
Søknadar vert handsama i lag med Setesdal næringsforum, og ein legg til grunn vedtektene til regionalt næringsfond Setesdal.
Forvalting av midla skal bidra til resultat på eitt eller fleire av fylgjande mål:
- Fleire vekstkraftige små og mellomstore bedrifter
- Auka sysselsetting med fokus på nye potensial for bærekraftig verdiskaping
- Meir variert næringsstruktur, prega av godt samarbeid med akademia og offentleg sektor
- Auka verdiskaping basert på bærekraftig bruk av menneskelege ressursar og naturressursar
- Omstilling av Sørlandet til eit samfunn med låge klimagassutslepp
- Internasjonalt samarbeid og internasjonalisering
- Likestilling, inkludering og mangfald
Søknadsportalen regionalforvaltning.no må nyttas, den finn du her.: https://regionalforvaltning.no/Startside/Velkommen.aspx?Ordning_Id=3733&Cookie=0
Ofte ber vi om forretningsplan og siste års reknskap. Her er en enkel mal for å lage forretningsplan: forretningsplan (pdf), forretningsplan (word)
Oversikt tilskott frå regionalt næringsfond 2022:
- 8. mars 2022: Bygland byggeri, etableringstilskott kr. 65 000,-
- 18. mai 2022: Eikerapen Gjestegard drift, tilskott kr 39 965,-
- 18. mai 2022: Toddemonen Eiendom AS, tilskott kr 129 500,-
- 17. juni 2022: Nor Dan Composites AS, tilskott kr 31 020,-
- 8. september 2022: Anything AS, tilskott kr 100 000,-