Setesdal IPR Handlingsplan 20222025 vedtatt.pdfSetesdal interkommunalt politisk råd (IPR) er eit interkommunalt samarbeid mellom kommunane Evje og Hornnes, Bygland, Valle, Bykle og Åseral. Vi har som formål å utvikle Setesdalsregionen. Vårt hovudmål er levande og inkluderande lokalsamfunn i ein vekst- og berekraftig region. Kontorstaden er Valle.

Vår overordnda oppgåve er å bidra til at Setesdal skal vere ein attraktiv region å bu, å gjeste og å drive næringsverksemd i. Setesdal IPR skal vere initiativtakar til og tilretteleggar for regionalt og interkommunalt samarbeid med mål om ei bærekraftig samfunnsutvikling og langsiktig positiv folketalsutvikling i heile regionen. 

Styret i rådet er sett saman av to representantar frå kvar kommunestyre i medlemskommune. Representantskapet er øvste leiing med fem representantar frå kvart kommunestyre. 

Vi arbeider i partnarskap med Agder Fylkekommune og søker eit godt samarbeid med næringslivet og kommunar i det regionale utviklingsarbeidet.

Samarbeidsavtale for Setesdal interkommunalt politisk råd. Merk at forslag til ny samarbeidsavtale er laga i samband med strategiprosessen som Setesdal IPR har vore gjennom i 2020. Ny samarbeidsavtale vart handsama i dei einskilde kommunstyra etter handsaming i styre og representantskap i juni 2021

Handlingsplan 2022 - 2025 - vedteke i styre 16. desember 2021