Det er viktig at me i Setesdal har tilgang på kompetanse og at me legg til rette for høve til kompetansehevande tiltak regionalt. Kva kompetanse manglar me i regionen vår? Kan me skaffa oss denne kompetansen? Kan me freista kompetanse til å flytte på seg?

Kompetanse er eit relativt vidt omgrep, men samla sett er kompetanse ein kombinasjon av kunnskap, ferdigheiter, erfaring, utdanning og personlege eigenskapar som gjer ein person i stand til å utføra ein bestemd jobb eller oppgåve på ein effektiv måte.  

Kva rolle har så Setesdal interkommunalt politisk råd i dette?

Kompetanse er ein av Setesdal interkommunalt politisk råd sine vedtekne hvoudsatsingsområde, og å «vidareutvikle og styrkje kompetansen i regionen» er ein viktig strategi for å utvikla Setesdal til ein region som kan tilby kompetanseutvikling lokalt:  

  • NOBILETET: Offentleg sektor, bygg og anlegg, jordbruk og andre yrkesretta næringar er dei dominerande yrkessvegane i Setesdal. I dag er det ikkje noko samla tilbod om kompetansepåfyll eller utdanning i regionen som er retta mot det eksisterande arbeidslivet og framtida sitt kompetansebehov.
  • STRATEGI: Denne strategien handlar om å gje eit tilbod om kortare og lengre kurs og utdanning i regionen innanfor kompetansebehov som arbeidslivet i Setesdal etterspør. Den handlar vidare om å setja på dagsordenen kompetansebehov som er avg jerande for framtida sitt arbeidsliv i Setesdal.

Mål: Denne strategien har to målsettingar:

  • Den yrkesretta kompetansen i regionen skal styrkast og videreutviklas.
  • Det skal vere tilbod om kurs og utdanning i regionen innanfor sentrale fagområde som arbeidslivet og befolkninga i Setesdal etterspør.

Som eit konkret tiltak har me samla ein del informasjon om kompetanse og naturlege samarbeidspartnarar på nettsida vår under menypunktet "Kompetanse": 

Kompetanse Bruk.png

https://www.setesdal.no/kompetanse.481506.no.html

Me minnar også om bruken av kompetansebehov innmeldinga. Det er ikkje sikkert me kan tilby ei løysning på alt no, men alle tilbakemeldingar er med på å gi oss som jobbar med dette eit oversiksbilde over kva som er ønskjeleg. Kva vil vera mogleg? Når kan det gjennomførast? Har du eller verksemda di eit kompetansebehov? Meld det inn her: https://www.setesdal.no/kompetanse.481506.no.html

Det blir jobba mykje "i kulissane" for at det skal vera gode utdanningsmoglegheiter i regionen vår, og me samarbeider tett med Agder fylkeskommune. Er det noko du saknar av informasjon på kompetansesida vår, eller har andre spørmål må du gjerne ta kontakt!