Formålet med samlinga har vore å verte kjent med kvarandre og å presentere planen om å etablere eit ungdomsråd i Setesdal. Det skal då veljast to representantar frå kvar kommune i Setesdal som skal vere medlem av Setesdal Ungdomsråd. Vedtektene er under arbeid og det er planlagt at samlinga som var no skal arrangerast kvart år. 

På samlinga som var no starta me tysdag kl 13:00 med aktivitetar som rafting og klatring i klatreskogen, me vart delt inn i to grupper slik at alle kunne få mogelegheit til å delta på båe aktivitetane. Etter aktivitetane var det taco til middag og deretter var me i gong med dagens tema. Tysdagens tema var det Helene Vedal frå Agder Fylkeskommune som sto i spissen for. Helene snakka om rollefordeling, kva ein kan påverke og korleis og det å vere i eit ungdomsråd. Det var også gruppearbeid kor ungdommane valde seg tre ting dei brann for, og deretter skulle finne andre som brann for det same. Psykisk helse, transport og hengeplass var nokre av tema som ungdommane brann for. Dei fekk arbeide med desse tema på store plakatar kor dei kunne skrive og teikne for å vise korleis dei tenkte. 

Onsdagen starta me med frukost og deretter var me i gong med tema som i dag var Erasmus+ prosjekt, Plan for mobilitet i Agder og Plan for handel og senterstruktur i Agder. Me hadde då besøk av Karen Helene Halvorsen, Lars Holmer-Hoven, Manuel Birnbirch, Ingvild Møgster Lindaas og Marit Vatn Jensen frå Agder Fylkeskommune. Første ut var Karen Helene og Lars som presenterte Erasmus+ prosjektet. Dette er eit høgt prioritert EU-prosjekt kor Setesdal er plukka ut til å delta. Det handler om ungdomsmedverknad og dei har vald ut rurale område. Andre land som også er med er Hellas, Nord-Makedonia, Italia, Frankrike og Kypros. Ungdommane fekk tilbod om å delta i prosjektet og 5-6 ungdommar skreiv seg på liste for å få meir informasjon. Dette er prosjekt kor ungdommane kan vise på sin måte korleis dei vil medverke og belyse tema som gjeld sin heimstad. Det blir spanande å følge med vidare.

Plan for mobilitet og plan for senter og handelstruktur var neste tema på planen denne onsdagen. Manuel presenterte plan for handel og senterstruktur i Agder. Det avslutta med gruppearbeid og ein menti.com undersøkelse. Det var spannande og engasjerande. Det var Ingvild og Marit som presenterte plan for mobilitet i Agder. Det engasjerte mange ungdommar då dette er noko dei stadig brenn for, i og med at det kan vere vanskeleg å komme seg frå ein plass til ein annan plass når du bur på bygda kor ikkje bussen går kvar time. Her var det også gruppe arbeid og ungdommane jobba veldig godt.

Samlinga vart avslutta med lunsj og deretter aktivitetar.