Ungdomsråda samlast ved ulike høve, mellom anna for å:
- bli kjent med medlemmane i ungdomsråda i dei andre kommunane
- løfte fram og diskutere saker som er viktige for ungdommane, til dømes sakar det arbeidast med i dei lokale ungdomsråda
- skape forståing for dei felles utfordringane og moglegheitene vi har i regionen
Kvart år arrangerer Setesdal IPR ei felles samling med overnatting for alle dei fem ungdomsråda i kommunane våre. Det blir lagt opp til både ein fagleg del og ein meir sosial del med aktivitetar. Alle ordførarane i regionen pleier å delta, det same gjer representantar frå Agder fylkeskommune. Avhengig av det faglege programmet har vi òg med andre eksterne aktørar.
I 2024 var vi i Åseral, og før det igjen var vi hos Troll Aktiv. I 2025 ønskjer vi å ta turen til Hovden og leggje inn eit besøk på Hovden Fjellbad.
