Setesdalsprisen gis til ein person eller ei verksemd som over tid har bidrege til verdiskaping og positive ringverknadar i Setesdal.  Altså til ei verksemd, eller ein person som bidrar til vekst og utvikling, og som er viktig for regionen som eit heile.

Juryen har i år bestått av ordførarane i dei 5 kommunane i regionsamarbeidet, Wenche Fresvik frå Agder fylkeskommune, Sveinung Hovstad frå Innovasjon Noreg og lokalt næringsapparat ved næringssjef i Bykle kommune, Ina Kjøstvedt.

Årets Setesdalspris går til ei verksemd som opphaveleg vart etablert så langt tilbake som i 1976. Frå ein sped start har verksemda blitt bygt stein på stein. I dag framstår selskapet som ein solid aktør i det private næringslivet med stadig nye oppgåver i avtaleboka og over 70 tilsette i sving lokalt og sentralt i landsdelen.

Me snakkar om ei familieverksemd, der generasjon 2 har kome inn. Frå 2003 har det vore to brør i førarsetet. I takt med ei aukande grad av utbyggjingsprosjekt i landsdelen har verksemda ekspandert og fått stadig nye oppdrag. Jobbar har vore levert til rett pris, til rett tid, med kvalitet på sluttprodukt og HMS godt innafor. Slike resultat har etter kvart gjeve prismottakarane eit omdøme som er marknadsføring godt som noko! Verksemda har også god fokus på rekruttering og ettervekst – det gjev seg mellom anna utslag i ein driftsfilosofi der lærlingar og kompetanseheving er ein viktig, raud tråd. Dette har då også resultert i lokal sysselsetting – og ein kan sjå direkte vidare konsekvensar for folketal og levande bygdesamfunn. Verksemda er eit godt døme på dei grunnsteinane som utgjer grunnmuren i bygde-Noreg.

Vegfarande ser denne verksemda mest overalt - den kvite «fua» på gravemaskina deira, eller lastebilane som stadig buldrar opp og ned dalen med fulle lass. Om det no har vore på nye trasear av riksveg 9, som del av gigantprosjektet med den nye tunnelen forbi Seljord eller anna – dei er stadig ute!  Ja, sjølvsagt - me snakkar om Hovden Hytteservice. Me hadde gleda av å høyre dei i sofasamtalen tidlegare i dag, no er det på tide å heidre dei! Ta vel i mot Yngve Breivegen og Jo Breivegen!

På Setesdalskonferansen i 2013 skal Jo Breivegen ha avrunda grunderhistoria med på rett stad til rett tid - heile tida! Det høyrast kanskje enkelt ut, men alle her i salen veit at det ligg mykje hardt arbeid bak.

Vi gratulerer og ønsker lykke til vidare!