Mandag 13.03 var det møte i ordførarutvalet igjen, og i staden for å reise på bedriftsbesøk var me denne gongen så heldige å møte representantar for Hotellnettverket. Me møtes i staselege omgivnadar på  Dølen Hotel.

Hotellnettverket består av Hovdestøylen, Hovden Fjellstoge, Bykle Hotell, Sølvgarden, Revsnes Hotell og Dølen Hotel. Frå hotellnettverket møtte Ann-Toril Briksdal, Uwe Arntsen, Gunn Heidi Støre og Else Haugland.

Nettverket er eit prosjekt som er finanisert av Innovasjon Noreg og hotella sjølve (50/50), og for å «halde oss i øyra og på sporet» som dei sjølv sa, så nyttar dei ein ekstern konsulent som prosjektleiar. 2023 er tredje og siste år av hovudprosjektet, og fokusområde framover er:

Styrking av Visit Setesdal

Felles kampanjar

Vertskapsrollen

Kommersiell trening

Produktutvikling

Rekruttere fleire reiselivsbedrifter til Visit Setesdal

Kompetanseutvikling, arbeidskraft til bransjen

 

Prosjektet legg sterk vekt på kompetanseheving mellom anna med salstrening, kommersiell planlegging og såkalla revenue management. Sistnemnde er eit bransjeuttrykk for inntektsstyring; kor ideen er å selje det riktige produktet, til riktig kunde, til riktig tid og til den riktige prisen.

Me fekk høyre om vegen fra nettverket si spede start sumaren 2019 til der dei er i dag. Opphavet til nettverket er ei perle av ein historie i seg sjølv, den fekk me også innblikk i.

Å marknadsføre og utvikle Setesdal som reiselivsdestinasjon er ein av regionrådets tre strategiske satsingsområde, så det blei ein engasjert dialog i etterkant av presentasjonen me fekk.  Nettverket framheva betydninga av Visit Setesdal, noko ordførarane satt pris på å høyre sidan det heng saman med Rådets strategiske satsing på merkevaren Setesdal og Visit Setesdal.

Hotellnettverket har utarbeid eit konkret mål: «Setesdal skal være det beste reisemålet for natur- og kulturbasert turisme i Sør Norge». Eit hårete mål vil nok nokon seie. Men ambisjonar er viktige, og når deltakarane  i tillegg oser av optimisme og tru på at alt er mogeleg – ja, da smittar trua!

Ordførarutvalet og administrasjonen i regionrådet fekk mange gode og konkrete innspel å reflektere over og «ta med heim» til korleis stø opp under reiselivsnæringa og -arbeidet.

Me takker for utruleg interessant og lærerikt møte, og ser fram til å møte nettverket igjen!