Prosjektet er eit stort EU prosjekt og har namnet MARA, som er ein forkorting for «Mobility and Accessibility in Rural Areas». Hensikta  med prosjektet er å peke på løysingar som gjer mobiliteten betre i spredt bebygde strøk, og gir innbyggjarane eit betre og meir tilrettelagt tilbod.

Mogelege nye løysingar som kan vurderast er bruk av bil-deling, buss eller anna transport på førespurnad, el-sykkel og el-lastesykkel mm.

Setesdal Regionråd og den enkelte kommune vil i desse dagar sende ut ein spørjeundersøking der man ønskjer svar på kva innbyggjarane meiner om dagens transporttilbod, kva dei meiner kan forbetrast og kva nye løysingar dei ser for seg kan fungere i Setesdal.

Undersøkinga vil føregå fram til 12. juni og vil bli sendt ut som ein link via SMS. Eller du kan klikke her for å svare nå. For dei som vil svare på skjemaet manuelt så kan dette hentast på kommunens servicekontor etter førespurnad. Alle svar er anonyme.

s-pro-mara-logo-banner EU Nor_500x100.png