Tilbod om distriksvennleg prosessorientert leiing

Frå hausten 2023 har du og verksemda di høve til å delta på eit unikt, tverrfagleg utviklingsprogram integrert med den daglege drifta for verksemda. Tilbodet har fokus på prosessorientert leiing og prosessforbetring, og skal bidra til varige forbetringar i verksemda allereie i løpet av programtida. For størst mogleg effekt blir det oppmoda til at heile leiinga i bedrifta/verksemda deltek.

Dette er siste moglegheit til å delta på det subsidierte tilbodet kor deltakarar frå distrikta (Lister og Setesdal) er prioitert, og kostnaden er eigenandel 3 x 1.500,-. Etter prosjektperioden er planen til Uia å opne tilbodet nasjonalt, og det vil då ha ei studieavgift på 3 x 16.000 (etter dagens rammer)

Påmeldingsfristen er allereie 15.mai. Søk her: Prosessorientert leiing – frå visjon til handling.

Utviklingsprogrammet blir tilbode bedrifter og verksemder (privat og offentleg sektor) i Lister- og Setesdalregionen. Ved ledig plass blir det også opna for andre deltakarar frå Agder-distrikta.

Tilbodet består av tre emne:

Prosessorientert og prinsippbasert lederskap

Forbedringsprosesser og verdiskaping

Fra visjon til bærekraftig kulturendring