Setesdalsprisen 2021 på 10.000 kr gjekk til Bortelid Utmarkslag. Ruben Bortelid mottok prisen på vegne av Bortelid Utmarkslag og prisen blei delt ut av stortingsrepresentant Anja Abusland.

Setesdalsprisen går til ein person eller ei verksomheit som over tid har bidratt til verdiskaping og positive ringvirkningar i Setesdal.  Altså til ei verksomheit, eller ein person som bidreg til vekst og utvikling, og som er viktig for regionen.

Anja Abusland sa så fint at "Årets Setesdalspris går til ein «institusjon» som vart etablert heilt tilbake i 1972. Då var det fleire grunneigarar som fant saman og la grunnlaget for både vekst og utvikling. Og sanneleg har det ikkje vorte vekst og utvikling!"

Frå ein sped begynnelse har dei utvikla ein omfattende verksemd. Verksomheita gir aleine grunnlag for ca. 10 årsverk fordelt på eigne ansatte og innleigd arbeidskraft.

Samtidig gis det rom for at mange andre kan drive lønnsom forretningsverksomheit i området. Dei bidreg i lokalmiljøet, og legg til rette for mange ulike aktivitetar gjennom året – aktivitetar som mange har glede av.

I oktober kvart år arrangerer dei sin egen «marknad» også, Bortelidmarknaden.

Lagets uttalte hovedmål er at Bortelid skal vere eit reisemål med høg trivsel, kvalitet og bærekraft. Og si eiga rolle har dei definert til å vere eit overordna selskap som sit i førarsetet for utvikling av Bortelid.

Laget består av:

  • Trond Egil Åknes
  • Alexander Skeibrok
  • Thor Kjell Kaddeberg
  • Bortelid Gård
  • Åknes Skog
  • Knut Repstad og
  • Ruben Bortelid, som deltok i sofasamtalen på Setesdalskonferansen.

Det er 7 grunneigarar som saman disponerer 27 000 dekar. Bortelid har i dag meir enn 1400 hytter og leiligheiter, campingplass, daglegvarebutikk, skisenter med 5 trekk, skistadion med fellesanlegg for langrenn og skiskoting.

Utmarkslaget arbeider no aktivt for at verksomheita skal ha så lite miljøavtrykk som mogeleg. Laget er sentralt i prosjekta Elektriske Bortelid og Klimapositivt hytteliv på Berge. Elektrifisering av Bortelid er eit eiget punkt i handlingsplanen til Regionplan Agder 2030.

Bortelid Utmarkslag har sett mogelegheiter og potensiale, og dei gjer noko med det. Saman.

Me gratulerer og ynskjer lykke til vidare!