IllustrasjonsfotoSyklane skal vere til bruk for innbyggjarane og turistar og vil bli utplassert sentralt i dei tre kommunane.  Inn og utlevering av syklane vil foregå via ein mobilapp som er utvikla og drifta av Sharebike AS. Dei tre kommunane har ansvaret for drift og vedlikehald av systemet. Syklane vil være på plass i løpet av hausten.

 

Dei 30 syklane er første steg på vegen mot eit system som kan dekkje alle kommunane i regionen. Innbyggjerar og turistar vil kunne benytte syklane til daglege gjeremål, transport til og frå aktivitater, utflukter eller transport mellom kommunane. Alt i den fantastiske ramma regionen vår er for syklistar.

 

Dei 30 første syklane er finansiert gjennom ordninga Klimasats (50%) og Setesdal interkommunalt politisk råd (50%). Forarbeid og planlegging er leia av Setesdal interkommunalt politisk råd som ein del av samarbeidet i eit EU prosjekt med namn MARA, som handler om mobilitet og tilgjengelegheit i spreidtbebygde områder.

 

For mer informasjon:

 

Styresak i Setesdal interkommunalt politisk råd 28. april 2021: «El-sykkel prosjekt»  

Sharebike si nettside: www.sharebike.com

MARA-prosjektet: https://www.mara-mobility.eu/ og https://www.setesdal.no/mara.512343.no.html

 

Det kjem meir informasjon og oppdateringar utover hausten.