Fagskuleutdanning er høgare yresfagleg utdanning og ligg på nivå over vidaregåande opplæring. For å komma inn på ein fagskule må du ha bestått vidaregåande opplæring, eller ha tilsvarande realkompetanse. Det er det er fleire tilbydarar av ulike utanninger, kurs og bransjeprogram i vår region.

 

Fagskulen i Agder

Eit gjennomført studium på fagskulen vil gi deg oppdatert fagleg kunnskap utvikla i tett samarbeide med både næringsliv og kommunal sektor. Utdanningane er praksisnære slik at du kan ta i bruk kompetansen utan ytterlegare opplæringstiltak.

Fagskulen er aktuell for både deg som ønskjer fagleg påfyll for å kunna fungera best mogleg i eksisterande stilling og deg som ønskjer andre typar stillingar innan eige fagfelt.

For å sjå kurs og utdanninger frå fagskulen kan du sjå her: Fagskolen i Agder

 

AOF Vestlandet - Agder

AOF Vestlandet – Agder tilbyr fleksible løysingar for kursdeltakarar og arbeidstakarar som treng å styrkja kompetansen sin for ein framtidig arbeidsmarknad.
Dei tilbyr gratis utdanningsrettleiing og skreddarsyr opplæringstilbod for bedrifter og offentlege verksemder.

Kursa og utdanningane deira blir tilbodne i Rogaland, Vestland og Agder.

For meir informasjon om utdanning og kurs kan du sjå her: AOF Vestandet- Agder 

 

Folkeuniversitetet

Kunnskap, kompetanse og utdanning gjer at menneske får høve til å utvikla seg, bidra i arbeidslivet og oppleva at dei høyrer heime i samfunnet.

Folkeuniversitetet jobbar for at dette skal vera tilgjengeleg for alle, uansett livssituasjon, bakgrunn og utgangspunkt. Me er til stades der du er, og hjelper deg med å nå potensialet ditt – i tempoet ditt.

For meir informasjon om utdanning og kurs kan du sjå her: Folkeuniversitetet