Skal me ha eit omstillingsdyktig og framtidsretta næringsliv i Setesdal, må me leggja til rette for at bedriftene kan investera i etter- og vidareutdanning – seier Leif Jørgen Versland, prosjektmedarbeidar i  Setesdal interkommunalt politisk råd.

Slik det er i dag veit mange bedrifter ikkje korleis dei kan få oversikt over aktuelle tilbod. Det har me ingen problem med å forstå, sidan det er mange ulike aktørar ute i marknaden. Ved å ta i bruk det digitale skjemaet «Kompetansebehov?» kan bedriftene enkelt og effektivt melda inn kompetansebehova sine, og me kan så hjelpa dei med informasjon om aktuelle tilbod.

Dette vil gjera at me får ei oversikt over ein del av dei udekte behova som er hos bedriftene. Kanskje er det nokon som har planar om omlegging av drifta i framtida. Då kan dei melda inn behovet til oss allereie no, så sjekkar me ut alle moglegheiter for å få gjennomført denne kompetansehevinga på ein god måte som passar både den tilsette og bedrifta.

«Kompetansebehov» er eit digitalt skjema der bedrifta raskt og enkelt kan melda inn behova sine for kompetanseutvikling. Setesdal interkommunalt politisk råd vil saman med Karriere Agder og aktuelle aktørar gå gjennom innmelde behov og gi ei tilbakemelding til kvar enkelt bedrift på aktuelle utdanningstilbod og moglegheiter.

–  No vil me prøve å kople behovet til bedriftene til eksisterande utdanningstilbod, seier dagleg leiar Rita Hansen. På denne måten slepp bedriftene å bruka mykje tid i ein travel kvardag på å finna ut kvar dei skal gå for å få rett informasjon. Det er ikkje alle tilbod me har tilgjengeleg lokalt, men me vil også jobba målretta for å etablera nye tilbod på sikt, og då treng me å kjenna til behovet framover. Dei digitale moglegheitene og eit målretta arbeid for meir distriktsvennleg satsing på utdanning og kompetanse vil gi oss gode moglegheiter også i Setesdal, fortel Rita.

Om bedrifta di berre har éin medarbeidar med eit spesifikt kompetanseutviklingsbehov, kan det godt henda at me kjenner til andre bedrifter med same behov. Dermed kan me samla opp og få høve til å etablera tilbod som passar for bedriftene.

Målet med å mobilisera bedrifter til å gi sine tilsette etter- og vidareutdanning er å rusta bedriftene betre til dei store endringane næringslivet står ovanfor. Effekten av å ha tilsette med formalisert eller oppdatert kunnskap vil vera auka verdiskaping for bedrifta og gjerne også etablering av heilt nye arbeidsplassar.

Det digitale skjemaet har fått ein fast plass øvst på nettsida vår, og ligg sjølvsagt også lett tilgjengelg på menypunktet som gjeld kompetanse.

Ordninga er ein del av prosjektet Kompetansepilot Agder som du kan lese meir om her: https://www.setesdal.no/kompetansepilot-agder.579227.no.html