Representantskapet er øvste organ i Setesdal IPR. Kvar kommune har 5 representantar og tilsvarande tal vara. Funksjonstida følgjer valperioden. Representantskapet vel styre for å ivareta dagleg drift av verksemda. Det er normalt to årlege møte – med m.a. godkjenning av budsjett, årsmelding og rekneskap. Eigarmøtet blir og nytta til politikkutforming og drøfting av aktuelle  regionale og interkommunale  tema. 

For perioden 2022-2023 er ordførar i Åseral, Inger Lise Lund Stulien, leiar av representantskapet. Ordførar i Evje og Hornnes, Svein Arne Haugen, er nestleiar. 

Oversikt over representantskapet finn du i innsynsløsninga vår. Her kan du sjå både medlemmar og varamedlemmar og ved å klikke øvst i kolonnene kan du sortere alfabetisk, på kommunenamn osv. Etter kvart vil vi også leggje inn kontaktinformasjon til dei einskilde medlemmane.

Lenke til representanstskapet - innsynsløsning